Dette skjer i Bessheim gjennom året

Dei fleste som kjem til Bessheim og Jotunheimen kjem for å gå fotturar eller å gå på ski. Og mange kjem hit for ei spesiell matoppleving. Men det er også mange andre ting å bli med på i området vårt gjennom året. Eksempel på dette er guida turar, rafting i Sjoa, hundekjøring, klatring, sykling, besøkje Glittersjå Fjellgard eller ei av dei fine kyrkjene våre i Heidal, Vågå og Lom. I påska har vi eit rikhaldig program med foredrag, guida turar og og mykje god mat.

Vinteren 2026

Vi opnar for vintersesongen fredag 6. februar 2026. Vi held ope kvar dag til søndag til 12. april. Frå 13. april til 10. mai har vi ope helger og langhelger.

JULEBORD. Julebord har vi ikkje, men vi kan absolutt anfale ei helg i februar eller mars for firmaet ditt! Laurdag den 21. mars 2026 byr vi på middagsbuffett med dessertbord og levande musikk. Svein Rune Damstuen, Knut Erik Tessnes og Thomas Bakke spelar til dans og underhaldning. Dei fleste har mykje betre tid til ein slik sosial kveld i februar enn i desember, for da skjer det så mykje likevel.

Nasjonalparkriket

Planlegg reisa di til Nord-Gudbrandsdalen. Her kan du finne informasjon om andre turistbedrifter i Vågå, Lom Skjåk, Dovre, Lesja og Sel.

Regionen byr på gode matopplevingar, spanande aktivitetar og mange fine fjellturar. Her finn du svar på praktiske spørsmål og annan relevant informasjon. Les meir på nasjonalparkriket.no/

Hundekjøring

Hundekjøring er ein populær vinteraktivitet, og turar blir arrangert så sant snø- og løypeforholda tillet det.

Sesongen varar frå januar – april. Det er opplegg for både barn og vaksne og for kortare og lengre turar. Vi har to tilbydarar av hundekjøring her Sjodalen. Les meir på heimesida til SjodalenHyttetun: sjodalenhyttetun.no og Jotunheimen Husky Lodge: jotunheimenhuskylodge.no

Sesongen 2026 

Vi opnar for vintersesongen fredag 6. februar 2026! Frå da tek vi i mot gjestar på overnatting og vi har matservering kvar dag til over påske. Frå 12. april og fram til 10. mai held vi ope i helger og langhelger. Vi serverer middag frå ein liten a la carte meny kvar dag frå klokka 13.30 og utover. Kvar kveld gjennom vintersesongen har vi ein anten ein treretters meny eller ein middagsbuffet. Denne blir som regel servert frå klokka 18.30.

Skiløyper: sjekk www.skisporet.no

Hugs at skisporet er oppkjøpt, og at vi må byte linken.

Besseggen vintertur frå februar til godt over påske. Når du går Besseggen om vinteren så startar turen her i Bessheim. Ruta er følgjande: Frå Bessheim og opp til Bessvassosen, innover isen på Bessvatnet (7 km), opp Besseggen med skia på ryggen, vidare på ski opp til det høgaste punktet som er Veslefjell 1743 moh, og til slutt stå på ski nedatt til Bessheim. Turen er er for alle i normalt god form og som er vande med å gå på fjellski. Du må rekne 6-8 timar på turen. Besseggen er like fantastisk om vinteren som om sommaren!

Vekestur på ski gjennom Sjodalen frå Lemonsjøen og Sjodalen Hyttetun til Bessheim med turopertøren Discover Norway. Du vil oppleve god mat, fyr på peisen, godt vertskap og vakker natur. Dette er ein sjølvguida tur der du kan oppdage den uberørte vakre vinteren i denne regionen. Du går i oppkjørte skispor. Gjestane bur 2-3 neter på kvar plass, og vi fraktar bagasjen til neste overnattingstad. Tilgjengeleg februar og mars. Les meir på: https://discover-norway.no/skiturer-norge/skitur-i-jotunheimenloeypa/

Borghild og Hilde driv Discover Norway, og dei held til på Lillehammer.

Strikke- og spinnehelg 2026. Vågå Husflidslag, Strikke Terje og ull- og garnprodusenten Naturgull arrangerer handarbeidshelg. Her skal vi spinne, strikke og eta god mat. Det blir fleire forskjellige kurs; eitt spinnekurs, eitt kurs i sying av saueskinn og fleire forskjellige strikkekurs. Det er program heile helga, men det er rom for å ta seg ein liten tur ut på ski også! Programmet som det er link til her er frå 2025, og dato for 2026 er ikkje fastsett enda.

Sjå PDF program her

 

Helg med middagsbuffet og levande musikk! Laurdag den 21. mars 2026 blir det middagsbuffet med mange spanande smakar av rein, fjellaure, elg og hjort. Godt utval av kalde og varme rettar, samt eit fristande dessertbord. Svein Rune Damstuen, Knut Erik Tessnes og Thomas Bakke spelar til underhaldning og dans frå ca 21.00-01.00. Ei bordsetning klokka 18.00 og ei klokka 19.45. Pris for middagsbuffet kr 630,- Påmelding til middag og booking av rom eller hytter på e-post: post@bessheim.no eller telefon 61238913.

 

Sesongen for Høgruta i Jotunheimen er frå 13. mars til 19. april 2026, for da opnar dei andre turisthyttene i Jotunheimen for vintersesongen. Glitterheim opnar 13. mars, Memurubu opnar 19. mars. Høgruta i Jotunheimen er en femdagars topptur i hjarta av Jotunheimen Nasjonalpark. Ruta går over minst åtte breer og syv 2000-metertoppar, inkludert Glittertind og Galdhøpiggen. Overnatting skjer på betjente hytter. Kva etappe er ca. 15 km, med 1000 – 1500 meter stigning. Høgruta er for dei sprekaste, men du kan heller velje å gå frå hytte til hytte i turistforeninga sine stikka løyper.

Sjå Høgruta i Jotunheimen sine nettsider

 

Tredagars rundtur Bessheim – Glitterheim – Memurubu etter kvista løyper på fjellski. Dette er ein flott rundtur i Jotunheimen, ein gamal klassiker. Du får overnatting og alle måltid til ca kr. 4900,- per person. Frå 19. mars til 13. april 2026 har vi dette tilbodet saman med Memurubu og Glitterheim. Kari  – hugs å leggje ut riktig dato og finn ut om prisen gjeld påska også.

Vi kjem også til å arrangere denne turen med turleiar i mars eller april 2026. Linken som ligg her er for april 2025, vi oppdaterer etter kvart.

Les meire om turen her

 

Påska 2026. I påska, som i 2026 er frå 27. mars til 6. april, har vi eit rikhaldig påskeprogram og ein eige påskemeny. Vi gler oss til påske heile året!

Under fanen «PÅSKE» her på heimesida kan du lese meire om dette. Påskemenyen og programmet for påska kjem litt ut i januar.

 

Skihelger etter påske. Vi har ope kvar dag frå fyrst i februar til søndag den 12. april. Deretter har vi ope helga 17-19. april, helga 24-26. april, langhelga 30. april til 3. mai og helga 8-10. mai 2026.

Kari – hugs å finne ut om vi skal opne for innsjekk torsdag kveld alle desse helgene!

 

Skisesongen er over. Den 10. mai om kvelden stengjer vi for skisesongen.

 

Den 17. mai har vi ikkje ope. Vi stenger for skisesongen søndag 10. mai, og opnar att fredag den 5. juni.

 

Besseggensesongen startar. Bessheim opnar fredag den 5. juni, og  Gjendebåten startar å gå laurdag 6. juni. Gjendebåten kjører fleire avgangar stort sett kvar dag fram til laurdag den 19. september. Du kan gå Besseggen heile denne perioden, så sant det ikkje er veldig dårleg vær.

 

Besseggenløpet laurdag 13. juni. Bli med anten som mosjonist eller konkurranseløper. På 60-talet var løpet arrangert tre gonger, og da sprang Reidar Andreassen på 1 time og 16 minutt. Frå 2011 har løpet vore arrangert kvart år, og det går frå Memurubu til Gjendesheim. Rekorden er på 1.15.14, sett av Tomas Bereket i 2014. Lengda er 14 km og høgdeskilnaden er på 1100 meter. Damerekorden er på 1.35.31, sett av Tuva Toftdal Staver. For påmelding og informasjon sjå www.bessegglopet.no

 

Tredagars rundtur Bessheim – Glitterheim – Memurubu – fottur etter T-merka stigar. Fyrste dagen går du frå Bessheim til Glitterheim via Russdalen. Andre dagen går du frå Glitterheim til Memurubu og siste dagen kan du velje å ta Gjendebåten attende, eller du kan velje å gå Besseggen. Du får overnatting og alle måltid til kr. om lag 4900,- per person. Tilbodet gjeld frå søndag-fredag 21. juni til 10. juli og frå søndag-fredag 21. august-midt i september 2026. Kari – sjekk datoar og prisar her!

Les meire om denne flotte fjellturen her

 

Hausthelgene. Helgene frå 21. august til 20. september har vi fredagane ein mindre buffet med rummegraut og spekemat, ein fiskerett, samt dessertbord. Fiskeretten er lokal fjellaure, så sant vi får tak i det.  Laurdagane i denne perioden har vi middagsbuffet med kalde og varme rettar og dessertbord. Mange spanande smakar av rein, hjort, elg og fjellaure.

 

Rupejakta startar tysdag 15. september. I alle fall dersom rupebestanden tek seg opp att. Uansett er det jakt på hare og skogsfugl mm. Du må søkje Vågå Fjellstyre om jaktkort innan 1. april 2026.

 

Haustferien – veke 40.  I 2026 har vi ikkje ope i haustferien. Det er mogleg vi leiger ut hytter frå 20. september til 4. oktober.  Take away til hyttene skal vi vurdere heile tida, eller kun helger framt til den 4. oktober. Dette må vi tenkje litt på.

Gjendebåten går nesten kvar dag heile hausten, fram til laurdag 19. september. Sjå www.gjende.no for å bestille billettar.

Hausten 2026 stengjer vi laurdag den 20. september. Dette er tre veker tidlegare enn normalt. Vi plar å stengje fyrst i oktober, og det kjem vi til å fortsetje med frå hausten 2027 att. 

Fjellaurekurs. Onsdag ????? held kjøkensjef Bjørn Ekerbakke matkurs om den fine råvara fjellaure. Han går i gjennom fleire metoder for å foredle auren, som til dømes røyking, sylting, raking og så vidare. Han viser også måtar å filitere fisken på. Kurset byrjar klokka 12.00 onsdag 5. oktober og varar i 3 timar. Lunsj er inkludert og prisen er kr. 550,- per person. Maks 10 deltakarar. Påmelding på telefon 612 38 913 eller post@bessheim.no 

FLYTTE DESSE KURSA TIL VINTEREN ELLER VÅREN BJØRN? eller kanskje gjennomføre likevel ??

 

Parteringskurs. Torsdag ????? held kjøkensjef Bjørn Ekerbakke kurs i partering av rein. Han deler opp eit heilt slakt og viser korleis du går fram ved partering. Han fortel også om korleis du kan nytte stykningsdelane på ein best mogleg måte. Kurset er på kjøkenet på Bessheim mellom klokka 12.00 og 15.00. Toretters lunsj er inkludert i prisen. Prisen er kr. 650,- per person. Maks 10 deltakerar på kurset. Påmelding på e-post post@bessheim.no eller på telefon 612 38 913.

 

Søndag 20. september 2026 stenger vi Bessheim for vinteren. Vi kjem ikkje til å ha middagsservering denne dagen. Takk for i år!

Eller skal vi ha middagsservering denne dagen kanskje?

Munch i Vågå

Farsslekta til målaren Edvard Munch budde i Vågå i fleire generasjonar. Han hadde ofte Vågå i tankane, og hadde eit nær forhold til Vågå heile livet. Ut frå eigne brev og skissebøker er det dokumentert at Edvard Munch gjorde minst fem reiser til Vågå mellom 1895 og 1939.

Reis til Vågåmo, og bli med på Munch vandringa. På vandringa er du innom prestegarden Ullinssvin og Vågå Kyrkje, der Edvard hentainspirasjon. Les meir på https://ullinsvin.no/edvard-munch/