Norsk, tradisjonell mat

På Bessheim serverer vi norsk, tradisjonell mat. Vi likar å serverer reinsdyrkjøt frå Vågå Tamrein AS, hjort og elg frå lokale jegerar og fjellaure frå dei mange gode fiskevatna i Jotunheimen. Kvar morgon er det frokostbuffet der gjestene kan smørje seg niste til fjellturen.

På dagtid serverer vi middag frå ein a la carte meny. 

Kvar kveld serverer vi ein treretters middagsmeny mellom 18.30 og 20.30. Somme kveldar lagar vi i stand buffet i staden. Frå 15. juni til 19. august 2018 har vi ein fast meny kvar kveld. I helgene om hausten har vi rummegraut- og spekematbuffet med dessert bord fredag kveldar og ein stor buffet med varme og kalde rettar og dessertbord kvar laurdags kveld. Denne er det fint om du bestiller på førehand. Resten av sesongen bestemmer vi menyen frå dag til dag.

Til maten kan du prøve ei flaske vin frå dei lokale vinimportørane Bertel & Martens. Eller Høgrutaølet frå Lom Bryggeri. Vi serverer både øl, vin og brennevin på Bessheim. Hubertus Bryggeri på Dovre har til og med laga eit eiga øl til oss, Besseggøl.

Vi ordnar gjerne måltid for gjester med spesielle matbehov. Dette må vi ha beskjed om på førehand.

Treretters meny for sommaren 2018.

Måndag:

Meny frå Christine Storm Munch si kokebok – Edvard Munch si oldemor
Variantar av sylta fisk og grønsaker
Fersk torsk
Sitronterte med tyttebærsirup og urtetrekt pære

Tysdag:

Fiskesupe
Oksefilet med bakt potet og pepparsaus
Husets Crème Brûlèe

Onsdag:

Kveldsbuffet med lokale smakar av til dømes reinsdyr, elg, hjort og fjellaure. Det vil vera både varme-
og kalde rettar, samt dessertar.

Torsdag:

Aspargessupe
Kalv med krema sopp, grønsaker og poteter
Dagens dessert, ut i frå sesong

Fredag:

Viltsupe
Dagens fisk med friske grønsaker og poteter
Sjokoladedessert

Laurdag:

Kveldsbuffet med lokale smakar av til dømes reinsdyr, elg, hjort og fjellaure. Det vil vera både varme-
og kalde rettar, samt dessertar.

Sundag:

Dagens fisk med smørsaus og julienne grønsaker
Reinsdyrkjøt frå Vågå Tamreinlag
Heimelaga karamellpudding

Alle forrettar vert servert med ferskt heimebaka brød og urtesmør

Vinpakke med 3 glas vin: 260 kr per pers

Trerettersmenyen vår kostar 380 kr. Alle som har halvpensjon har den inkludert i prisen. Menyen blir servert frå kl 18.30 – 20.30 kvar dag i perioden 15. juni til 19. august 2018.

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken er eit samarbeid mellom fleire serveringsbedrifter i Vågå, Lom og Sel. Kvar bedrift har ein eller fleire kokkelærlingar. Her på Bessheim er Lisbeth og Oskar kokkelærlingar nå. Marcus starta i juli. Espen, Marit og Heidi, som er kokkar her nå, tok fagbrev i 2016. Men jamne mellomrom er kokkelærlingane på utflukter, kurs, turar og på «arnedag» med Arne Brimi på serveringsstaden hans, Vianvang. Jamnleg er både lærlingane og vi som eig bedriftene, på turar saman for å få inspirasjon og lære nye ting frå matverda. Du kan lese meir om Opplæringskontoret Brimi-Kjøken her.

Vågå Tamrein AS

Her på Bessheim serverer vi ofte kjøt frå Vågå Tamrein AS. Ein tam rein lever fritt ute heile året og et det han finn i fjellet. Fire personar har som arbeid å sjå etter dei 2400 reinane, og få dei inn til slakting to gonger i året. Vågå Tamrein AS har vore aktive her i Jotunheimen sidan 1942. Vil du lese meir om dette kan du gå inn på vagarein.no/