Tur og aktivitetstips i Jotunheimen

Bessheim ligg i Sjodalen, i Jotunheimen. Besseggen er like ved. Øvst i Sjodalen er du på 970 meter over havet, og du er like ved tregrensa. Du har mykje å velje i når det gjeld turmål, alt frå stutte turar til krevjande turar til nokre av dei høgaste fjella i landet. Det tek 10 minutt å kjøre opp på Valdresflya, som ligg på 1400 m.o.h. Går du frå Bessheim og opp til Bessvatnet kjem du til grensa til Jotunheimen Nasjonalpark. Frå her ser du majestetiske Besshø på 2258 m.o.h. På andre sida av Øvre Sjodalsvatn ser du Sikkildalshø og Heimdalshø, som også er fine turmål. På Bessheim kan du gå på tur sommar som vinter. Spør gjerne etter turtips!

På denne sida finn forslag til kortare og lengre turar i området rundt oss. Her kan du få idear til nye turmål. Men turbeskrivelsane er ikkje fullstendige. Du må søkje meir utfyllande informasjon på andre nettsider, turbøker og ikkje minst kart for å vera godt førebudd. Den beste tida for å gå fotturar til 2000-meterstoppane er frå sist i juni til ut i september. I juni er det ofte att for mykje snø i høgfjellet, men det varierer sjølvsagt frå år til år. Vi samarbeider med Beitostølen Aktiv og Skiskole. Sjå www.beitoaktiv.com

Frå vi opnar i februar til over påske kjører vi opp skiløyper her i Sjodalen. Skiløypene går mellom bedriftene og dei blir kjørt opp med snøskuter og sporleggjar. Løypene er kvista og du finn oversikt over dei på www.skisporet.no .Det blir også kvista ein del løyper høgare til fjells også, blant anna rundt Brurskarsknappen, over Besstrondfjellet og innover Leirungsdalen. I tida rundt påske gjer Vågå Røde Kors ein stor innsats for å stikke innover Jotunheimen til blant anna Memurubu, Glitterheim og Gjendebu. På sida www.topptur.visitjotunheimen.no kan du finne oversikt over fleire toppturer i Jotunheimen med overnattingsmoglegheiter.

Sykling i Nasjonalparkriket

Det er fleire stader i Gudbransdalen lagt godt til rette for å kunne sykle, samt å leie sykkel for dei som ynskjer dette. Sykkeltilbudet gjeld vanlig sykling, fatbike, downhill mm. På Gjendesheim kan du leige sykkel.

Sjå https://www.nasjonalparkriket.no/se-og-gjore/aktiviteter-sommer/sykkel for meir informasjon om dette.

 

Jotunheimen Haute Route

Høgruta i Jotunheimen er ein 5-dagars topptur i hjartet av Jotunheimen Nasjonalpark. Ruta går over minst åtte brear og sju 2000-meterstoppar, inkludert Glittertind og Galdhøpiggen. Overnatting på betjente hytter. Kvar etappe er omlag 15 km, med 1000-1500 meter stigning.

Bessheim er eit godt utgangspunkt for å gå Høgruta gjennom Jotunheimen på ski. Vi har gratis parkering til bilen medan du går den spektakulære turen i hjartet av Jotunheimen. Dersom du treng transport attende hit kan du kontakte Jotunheimen Turbusser eller få ein pris frå drosja i Vågå eller Lom. Du kan kontakte Jotunheimen Turbusser på e-post: jotunheimenturbusser@yahoo.no

Jakt og fiske

Mange kjem hit til Sjodalen for å fiske fjellaure. Jakt på rype og hare er også populært. Vågå Fjellstyre har ei fin heimeside, med mykje god informasjon. Ta ein titt på vaga-fjellstyre.no 

        

Prisliste utleige av ski, truger og barnepulkar

Vi leier ut skiutstyr, truger og barnepulkar på Bessheim. Skitutstyret er vanleg langrettuttyr, trugene er av merket tubs og barnepulkane er tradisjonsrike, norske pulkar frå Fjellpulken på Lillehammer. Klikk her for å sjå prisliste.